Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 109:5-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Dei løner godt med vondtog gjev meg hat ¬for min kjærleik.

6. Gjev min motstandar ¬over til ein gudlaus,lat ein klagar stå ¬ved hans høgre side!

7. Lat han gå domfelt ¬frå retten,lat hans bøn verta halden ¬for synd!

8. Lat hans levedagar verta fåog ein annan ta hans embete!

9. Lat borna hans verta farlauseog kona hans enkje!

10. Lat borna flakka ikring ¬og be seg,gå tiggargang ¬frå øydelagd heim.

11. Alt han eig, skal ein ågerkar ta,framande skal rana ¬frukta av hans strev.

12. Ingen skal visa han ¬truskap meireller ynkast ¬over hans farlause born.

13. Hans etterkomarar ¬skal rydjast ut,deira namn skal strykast ¬i neste ættled.

14. Herren skal minnast ¬hans fedrars skuld,synda åt mor hans ¬skal ikkje takast bort.

15. Herren skal alltid ¬ha dei for auga,minnet om dei ¬skal rydjast ut frå jorda.

16. For han tenkte aldri ¬på å visa truskap,men forfylgde dei arme ¬og fattige,og dei motlause ¬ville han drepa.

Les hele kapitlet Salmane 109