Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 107:26-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Dei steig mot himmelen, ¬sokk i djupet,så folk miste motet i nauda.

27. Dei tumla og raga som drukne,var heilt frå sans og samling.

28. Då ropa dei i si naud ¬til Herren,og han førte dei ut ¬or trengslene.

29. Han fekk stormen til å stilna,havsens bylgjer fall til ro.

30. Glade vart dei då det stilna;han førte dei ¬til den hamn dei ynskte.

31. Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,at han gjer under ¬for menneska.

32. Dei skal lova han ¬når folket er samla,og prisa han der dei eldste sit.

33. Han gjorde elvar til øydemark,vassrike kjelder ¬til tyrstande land

34. og grøderik jord til saltlende;for dei som budde der, ¬var vonde.

35. Han gjorde øydemark ¬til sevgrodd tjørnog det turre landet til kjelder.

36. Der lét han dei sveltande ¬slå seg ned,dei fekk grunnleggja ein by ¬til å bu i.

37. Dei sådde åkrane til, ¬planta vintreog hausta frukta og grøda.

38. Han velsigna folket, ¬det voks seg stort,og han lét det ikkje vanta fe.

39. Men sidan minka dei i tal;dei vart bøygde og tyngdeav ulukke og sorg.

40. Han auste vanvørdnad ¬ut over stormennog lét dei villa seg bort ¬i veglaus audn,

41. men lyfte dei fattige opp ¬or armodog gjorde deira ætter ¬til ein talrik flokk.

42. Dei ærlege ser det ¬og gleder seg,men all vondskap ¬må lata att sin munn.

43. Den som er vis, ¬skal merka seg detteog akta ¬på Herrens velgjerningar.

Les hele kapitlet Salmane 107