Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 3:3-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Lat aldri godleik ¬og truskap fara,men bind dei om din hals,og skriv dei på di hjartetavle!

4. Då får Gud og menneske ¬godvilje for degog held deg for ein vitug mann.

5. Lit på Herren ¬av heile ditt hjarta,og set ikkje lit til ditt vit!

6. Tenk på han ¬kvar du ferdast,så gjer han dine stigar jamne.

7. Ver ikkje klok i eigne augo,ha age for Herren,og hald deg frå det ¬som er vondt!

8. Det vert til helsebot ¬for kroppenog gjev deg kraft ¬i merg og bein.

9. Æra Herren med det du eig,med fyrstegrøda ¬av all di avling.

10. Då vert di matbu rikeleg fylt,og druesafta renn over ¬i kummane dine.

11. Son min, ¬vanvørd ikkje Herrens tukt,miss ikkje motet når han refser!

12. For Herren tuktar ¬den han elskar,som ein far refser ¬den son han har kjær.

13. Sæl er den som finn visdom,det menneske ¬som vinn godt skjøn.

14. Det er betre ¬å få seg visdom enn sølv,den vinning han gjev, ¬er større enn gull.

15. Dyrare er han enn perler,av alle dine skattar ¬er ingen som den.

16. I si høgre hand ¬har han langt liv,i si venstre rikdom og ære.

17. På visdoms vegar ¬er det ein hugnad å fara,alle hans stigar fører til fred.

18. Han er eit livsens tre ¬for alle som grip han,sæle er dei ¬som held fast på han.

19. Herren grunnla jorda ¬med visdomog reiste himmelen med skjøn.

20. Med kunnskap lét han vatnet ¬i havdjupet fossa framog dogga drypa frå skyene.

21. Ta vare på klokskap ¬og omtanke,og slepp dei ikkje or syne, son!

22. Då skal dei vera til liv for deg,ei fager kjede om halsen din.

23. Då kan du vandra trygt ¬på din vegog ikkje støyta foten mot noko.

Les hele kapitlet Ordtaka 3