Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 3:17-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. På visdoms vegar ¬er det ein hugnad å fara,alle hans stigar fører til fred.

18. Han er eit livsens tre ¬for alle som grip han,sæle er dei ¬som held fast på han.

19. Herren grunnla jorda ¬med visdomog reiste himmelen med skjøn.

20. Med kunnskap lét han vatnet ¬i havdjupet fossa framog dogga drypa frå skyene.

21. Ta vare på klokskap ¬og omtanke,og slepp dei ikkje or syne, son!

22. Då skal dei vera til liv for deg,ei fager kjede om halsen din.

23. Då kan du vandra trygt ¬på din vegog ikkje støyta foten mot noko.

24. Du er ikkje redd ¬når du går til ro,når du har lagt deg, ¬søv du så godt.

25. Du treng ikkje reddast ¬for støkk,for stormen som kjem ¬over dei vonde.

26. For du kan setja di lit ¬til Herren,han vaktar din fot ¬så du ikkje går i snara.

27. Gjer vel mot dei som treng det,nekta ikkje å hjelpa ¬når det står i di makt!

28. Sei ikkje til din neste: ¬«Gå din veg,og kom att i morgon, ¬så skal du få!»– så sant du har noko ¬å gje han no.

29. Legg ikkje vonde planar ¬mot din nestesom bur hjå deg ¬og kjenner seg trygg.

30. Tretta ikkje med ein mann ¬utan grunn,når han ikkje har gjort deg ¬noko vondt.

Les hele kapitlet Ordtaka 3