Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 29:2-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Når rettferdige får makta, ¬fegnast folket,når ein niding styrer, ¬sukkar folket.

3. Den som elskar visdom, ¬gleder far sin,den som held lag med skjøkjer, ¬øyder si eige.

4. Ein konge tryggjer sitt land ¬med rett,den som syg det ut, ¬legg det i øyde.

5. Ein mann som smeikjer ¬for nesten sin,set eit garn for føtene hans.

6. Ein vond manns synder ¬er ei felle for han,men den rettferdige ¬kan fegnast og gleda seg.

7. Den rettferdige veit ¬å hjelpa småkårsfolk i retten,men den gudlause ¬har ikkje vit på noko.

8. Spottarar øser opp heile byen,men vismenn får vreiden ¬til å stilna.

9. Når ein vis mann ¬har sak med ein dåre,vert det bråk og lått og inga ro.

10. Dei blodtyrste hatar ¬ein heidersmann,men dei ærlege tek seg av han.

11. Ein dåre gjev luft ¬for alt sitt sinne,men ein vismann held det att.

12. Ein hovding ¬som høyrer på lygn,får berre skarvar til tenarar.

13. Fattigmann og valdsmann ¬møtest,Herren gjev begge augneljos.

14. Når ein konge dømer ¬dei fattige rettferdig,står hans kongsstol støtt ¬for alltid.

15. Ris og refsing gjev visdom,men ein gut ¬som får gjera som han vil,fører skam over mor si.

16. Får nidingar makta, ¬aukar synda,men når dei fell, ¬vert dei rettvise glade.

17. Tukta son din, ¬så gjev han deg roog gjer deg glad i hugen.

18. Utan openberring ¬fer folket vilt,lukkeleg er den som held lova.

19. Ein træl lèt seg ikkje ¬tukta med ord,han skjønar dei nok, ¬men lyder dei ikkje.

Les hele kapitlet Ordtaka 29