Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 29:19-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Ein træl lèt seg ikkje ¬tukta med ord,han skjønar dei nok, ¬men lyder dei ikkje.

20. Ser du ein mann ¬som er snar når han talar– det er større von ¬for dåren enn for han.

21. Når ein skjemmer bort trælen ¬frå ungdomen av,vert han strid og ulydig til sist.

22. Snarsint mann ¬valdar strid og trette,den brålyndte ¬gjer mykje vondt.

23. Hovmod fører menneske ¬til fall,men den audmjuke vinn ære.

24. Den som deler med tjuvar, ¬hatar sitt liv,han høyrer forbanninga, ¬men seier ikkje frå.

25. Den som reddast menneske, ¬set feller for seg sjølv,men den som lit på Herren, ¬er trygg.

26. Mange vil vinna velvilje ¬hjå ein hovding,men frå Herren ¬får mannen sin rett.

Les hele kapitlet Ordtaka 29