18. Utan openberring ¬fer folket vilt,lukkeleg er den som held lova.
19. Ein træl lèt seg ikkje ¬tukta med ord,han skjønar dei nok, ¬men lyder dei ikkje.
20. Ser du ein mann ¬som er snar når han talar– det er større von ¬for dåren enn for han.
21. Når ein skjemmer bort trælen ¬frå ungdomen av,vert han strid og ulydig til sist.
22. Snarsint mann ¬valdar strid og trette,den brålyndte ¬gjer mykje vondt.
23. Hovmod fører menneske ¬til fall,men den audmjuke vinn ære.
24. Den som deler med tjuvar, ¬hatar sitt liv,han høyrer forbanninga, ¬men seier ikkje frå.
25. Den som reddast menneske, ¬set feller for seg sjølv,men den som lit på Herren, ¬er trygg.
26. Mange vil vinna velvilje ¬hjå ein hovding,men frå Herren ¬får mannen sin rett.
27. Dei rettvise styggjest ¬ved den som gjer urett,ein styggedom ¬for dei gudlauseer den som lever rett.