Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 27:8-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Lik ein sporv som flyg ikring ¬langt ifrå reiret,er ein mann som flakkar om ¬borte frå heimen.

9. Olje og røykjelse ¬gleder hjarta,så òg ein vens kjærleikmeir enn gode råd.

10. Gjev ikkje slepp på din venog på venen åt far din;gå ikkje heim til bror din ¬den dagen du er i naud.Ein granne ¬som bur tett attmed,er betre enn ein bror ¬langt borte.

11. Ver klok, son min, ¬og gled mitt hjarta,så eg kan svara ¬dei som spottar meg.

12. Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg,dei godtrune går på og ¬må bøta.

13. Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan,ta pant hjå han ¬for framand kvinne.

14. Når nokon med høg røystvelsignar sin neste ¬tidleg om morgonen,er det å rekna ¬som ei forbanning.

15. Si-drop frå taket ¬ein regnversdagog trettekjær kvinne ¬liknar kvarandre.

16. Å stansa henne ¬er som å halda på vind,som å gripa olje ¬med høgre handa.

17. Jern sliper jern,og det eine mennesket ¬sliper det andre.

18. Den som steller fikentreet sitt, ¬får nyta frukta av det;den som vaktar herren sin, ¬vinn ære.

19. Som andletet speglar seg ¬i vatnet,kjenner eit menneske seg att ¬i eit anna.

20. Dødsrike og avgrunn ¬vert aldri mette,og menneskeaugo ¬får aldri nok.

21. Sølvet smeltar dei i digelenog gullet i smelteomnen,men mannen mælest ¬etter sitt gjetord.

22. Om du støyter ein dåre ¬i morterenog knuser han saman ¬med gryna,går dårskapen likevel ikkje ¬av han.

23. Merk deg vel ¬korleis sauene dine ser ut,og syt vel for buskapen din!

24. For rikdom varer ikkje evig,eit diadem går ikkje alltid ¬frå ætt til ætt.

25. Når graset er borte ¬og håa kjem til synes,og folk samlar ¬fjellgraset saman,

26. då har du lam ¬og kan få deg kledeog bukkar ¬til å kjøpa ein åker for;

27. du har geitemjølk nok ¬til mat for ditt hus,til livsopphald ¬for jentene dine.

Les hele kapitlet Ordtaka 27