Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 27:7-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Den mette vrakar ¬den finaste honning,alt beiskt smakar søtt ¬for den svoltne.

8. Lik ein sporv som flyg ikring ¬langt ifrå reiret,er ein mann som flakkar om ¬borte frå heimen.

9. Olje og røykjelse ¬gleder hjarta,så òg ein vens kjærleikmeir enn gode råd.

10. Gjev ikkje slepp på din venog på venen åt far din;gå ikkje heim til bror din ¬den dagen du er i naud.Ein granne ¬som bur tett attmed,er betre enn ein bror ¬langt borte.

11. Ver klok, son min, ¬og gled mitt hjarta,så eg kan svara ¬dei som spottar meg.

12. Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg,dei godtrune går på og ¬må bøta.

13. Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan,ta pant hjå han ¬for framand kvinne.

14. Når nokon med høg røystvelsignar sin neste ¬tidleg om morgonen,er det å rekna ¬som ei forbanning.

15. Si-drop frå taket ¬ein regnversdagog trettekjær kvinne ¬liknar kvarandre.

16. Å stansa henne ¬er som å halda på vind,som å gripa olje ¬med høgre handa.

Les hele kapitlet Ordtaka 27