Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 27:17-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Jern sliper jern,og det eine mennesket ¬sliper det andre.

18. Den som steller fikentreet sitt, ¬får nyta frukta av det;den som vaktar herren sin, ¬vinn ære.

19. Som andletet speglar seg ¬i vatnet,kjenner eit menneske seg att ¬i eit anna.

20. Dødsrike og avgrunn ¬vert aldri mette,og menneskeaugo ¬får aldri nok.

21. Sølvet smeltar dei i digelenog gullet i smelteomnen,men mannen mælest ¬etter sitt gjetord.

22. Om du støyter ein dåre ¬i morterenog knuser han saman ¬med gryna,går dårskapen likevel ikkje ¬av han.

23. Merk deg vel ¬korleis sauene dine ser ut,og syt vel for buskapen din!

24. For rikdom varer ikkje evig,eit diadem går ikkje alltid ¬frå ætt til ætt.

Les hele kapitlet Ordtaka 27