Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 27:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Rosa deg ikkje ¬av morgondagen,for du veit ikkje ¬kva han ber i sitt fang.

2. Ein annan skal rosa deg, ¬ikkje du sjølv,ein framand, ¬ikkje dine eigne lipper.

3. Steinen er tung, ¬og sand veg mykje,men tyngre er det ¬å vera arg på ein dåre.

4. Harmen er ei gru ¬og vreiden ein flaum,men kven kan stå seg ¬mot avundsykje?

5. Betre er openberr refsingenn kjærleik ¬som ein held duld.

6. Ein ven er trufast ¬jamvel når han slår,men fiendens kyss ¬er svikefulle.

7. Den mette vrakar ¬den finaste honning,alt beiskt smakar søtt ¬for den svoltne.

Les hele kapitlet Ordtaka 27