Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 24:3-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Med visdom byggjer ein hus,med skjøn reiser ein det.

4. Med godt skjøn vert roma fylteav alle slag dyre og fine ting.

5. Den vise mannen har styrke,den kunnige aukar si makt.

6. Med klok leiing ¬kan du føra krig;når mange gjev gode råd, ¬vinn du siger.

7. Visdom heng høgt for dåren,i rådet opnar han ikkje ¬sin munn.

8. Den som legg vonde planar,vert kalla ein renkesmed.

9. Det dåren finn på, er synd,og spottaren er ¬ein styggedom for folk.

10. Misser du motet ¬på trengselsdagen,då har du liten styrke.

11. Berga dei ¬som dei hentar til døden,hald att dei som skjelvande ¬går til rettarstaden.

12. Om du seier: ¬«Vi visste det ikkje»,skjønar han det likevel,han som prøver hjarto.Han som vaktar deg, veit detog løner kvar mann ¬etter hans gjerning.

Les hele kapitlet Ordtaka 24