Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 15:13-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Glede i hjarta gjer andletet ljost,men hjartesorg gjer motlaus.

14. Vitug mann søkjer kunnskap,men dårar fer berre ¬med dårskap.

15. For ein arming ¬er dagane vonde,men gladlyndt mann ¬har alltid gjestebod.

16. Betre er lite med otte ¬for Herrenenn stor rikdom med uro attåt.

17. Betre er ein grønsakrett ¬med kjærleikenn oksesteik med hat attåt.

18. Bråsint mann ¬valdar strid og trette,den langmodige ¬får striden til å stilna.

19. For den late er vegen ¬som eit klungergjerde,men jamn er stigen ¬for dei ærlege.

20. Ein klok son ¬er til glede for far sin,ein dum mann ¬vanvørder mor si.

21. Den tankelause ¬har glede av dårskap,den vituge går beint fram.

22. Utan rådlegging ¬mislukkast planane,men når mange gjev råd, ¬har dei framgang.

23. Mannen gled seg ¬når munnen kan svara.Kor godt med eit ord i rette tid!

24. For den kloke ¬fører livsvegen oppover,og då slepp han unna ¬dødsriket der nede.

25. Herren riv huset ned ¬for dei hovmodige,enkjer lèt han få ha si jord.

26. Vonde tankar ¬er ein styggedom for Herren,men milde ord er reine.

27. Den som jagar etter vinning, ¬set huset over styr,men den som hatar muter, ¬får leva.

28. Den rettferdige tenkjer seg om ¬før han talar,men vondskapen strøymer ¬frå munnen på gudlause.

Les hele kapitlet Ordtaka 15