Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 15:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eit mildt svar ¬døyver sinne,sårande ord vekkjer vreide.

2. Vismenns tunge ¬gjev god kunnskap,men dårskap strøymer ¬frå dårars munn.

3. Herrens augo er alle stader,dei vaker over vonde ¬og gode.

4. Ei varsam tunge ¬er eit livsens tre,men lygn på tunga ¬gjev hjartesår.

5. Dåren vanvørder ¬formaning frå far sin,klok er den ¬som aktar på refsing.

6. I rettferdig manns hus ¬er det stor rikdom;det den gudlause vinn, ¬går tapt.

7. Vismenns lipper ¬strøyer ut kunnskap,men dårens hjarta er ikkje rett.

8. Offer frå dei gudlause ¬er ein styggedom for Herren,men bøn frå dei ærlege ¬tek han vel imot.

9. Det den gudlause gjer, ¬er ein styggedom for Herren,men han elskar dei ¬som jagar etter rettferd.

10. Hard tukt får den ¬som vik av frå stigen,den som hatar refsing, må døy.

11. Dødsrike og avgrunn ¬ligg opne for Herren,kor mykje meir ¬då menneskehjarta.

12. Spottaren mislikar refsing,til dei vise går han ikkje.

13. Glede i hjarta gjer andletet ljost,men hjartesorg gjer motlaus.

Les hele kapitlet Ordtaka 15