Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 13:12-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Langvarig venting ¬gjer vondt i hjarta,som eit livsens tre ¬er eit oppfylt ynske.

13. Den som vanvørder ordet, ¬skader seg sjølv,den som ottast bodet, får løn.

14. Vismanns lære ¬er ei kjelde til liv,ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.

15. Den som har godt vit, ¬vinn velvilje,men svikarars veg ¬fører til ulukke.

16. Den som er klok, ¬fer fram med vit,men dåren lèt alle ¬sjå hans dårskap.

17. Ein gudlaus bodberar ¬fell i ulukke,med eit trufast sendebod ¬fylgjer lækjedom.

18. Armod og skam får den ¬som ikkje vil vita av tukt,men ære får den ¬som aktar på refsing.

19. Eit oppfylt ynske ¬gjer sjela godt,å vika frå vondskap ¬er ei gru for dårar.

20. Den som held lag ¬med vismenn, vert vis,men dårars ven går det ille.

21. Ulukke forfylgjer syndarar,dei rettferdige får lukke til løn.

22. Ein god mann lèt etter seg arv ¬til barneborn,men det syndaren eig, ¬er spart til den rettvise.

Les hele kapitlet Ordtaka 13