Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 10:7-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Velsigna er minnet ¬om den rettferdige,men namnet åt dei gudlause ¬rotnar bort.

8. Klok er den ¬som tek boda til seg,men den som fer ¬med dumt snakk, fell.

9. Trygt går den ¬som er heil i si ferd,men den som går krokvegar, ¬vert gripen.

10. Den som blunkar listig ¬med auga, valdar skade,den som fer ¬med dumt snakk, fell.

11. Rettferdig manns munn ¬er ei kjelde til liv,men munnen åt gudlause ¬løyner vald.

12. Hat vekkjer strid og trette,men kjærleik løyner alle brot.

13. På vitug manns lipper ¬er visdom å finna,men stokken skal brukast ¬på ryggen åt den tankelause.

14. Dei vise samlar på kunnskap;når dåren talar, er ulukka nær.

15. Rikmanns gods ¬er hans faste borg,armod er ulukka for dei fattige.

16. Det den rettvise tener, gjev liv,det den gudlause vinn, ¬fører til synd.

17. Å akta på tukt ¬er ein veg til liv,den som vanvørder refsing, ¬går seg bort.

18. Den som løyner hat, ¬har falske lipper,ein dåre er den ¬som fer med slarv.

19. Den som talar mykje, ¬syndar lett,klok er den som tøymer tunga.

20. Rettferdig manns tunge ¬er som utvalt sølv,det dei gudlause tenkjer, ¬er ingenting verdt.

21. Rettferdig manns lipper ¬styrkjer mange,men dårar døyr, ¬for dei har ikkje vit.

22. Det er Herrens velsigning ¬som gjer rik,eige strev legg ingenting til.

23. Skamlaus gjerning ¬er til lyst for dåren,den vituge gleder seg ¬over visdom.

24. Det den gudlause reddast, ¬kjem over han,dei rettferdige får ¬det dei lengtar etter.

25. Når stormen fer fram, ¬vert den gudlause borte,rettvis mann ¬har ein grunnvoll som varer.

26. Som eddik for tennene ¬og røyk for augoer den late tenaren ¬for sin herre.

27. Age for Herren forlengjer livet,men gudlause menn ¬får færre år.

Les hele kapitlet Ordtaka 10