Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 8:13-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Dagen etter kom ættehovdingane i heile folket og prestane og levittane saman hjå Esra, den skriftlærde. Dei ville granska nøgnare det som stod i lova.

14. Då fann dei skrive i lova som Herren hadde gjeve Moses, at israelittane skulle bu i lauvhytter på høgtida i den sjuande månaden.

15. Dei skulle ropa ut og gjera kjent i alle byane sine og i Jerusalem: «Gå opp i fjellet og henta lauv av edle og ville oliventre, av myrt og palme og andre lauvrike tre, og lag hytter, som skrive står!»

16. Då gjekk folket ut og henta lauv, og dei laga seg hytter, kvar på sitt tak og i sitt tun. Det same gjorde dei i føregardane til Guds hus, på torget framfor Vassporten og på torget ved Efraims-porten.

17. Heile lyden som var komen heim att or fangenskapet, laga lauvhytter og budde i dei. Det hadde israelittane aldri gjort frå Josva Nunssons tid og til den dagen. Og dei var jublande glade.

18. Dag etter dag las Esra opp or Guds lovbok, frå den fyrste til den siste dagen. I sju dagar heldt folket helg og den åttande dagen ei høgtidssamling, som føreskrive var.

Les hele kapitlet Nehemja 8