1. Sjå, han som ber ¬gledebod,kjem springande over fjell ¬med bodskap om fred.Hald dine høgtider, Juda,og gjer det du har lova!For aldri meir ¬kjem valdsmannen mot deg,heilt utrudd er han.
2. Når ein som vil driva deg bort,dreg fram imot deg,hald då vakt i borga,og hald utkikk langs vegen!Spenn beltet fast om livet,ta deg saman og ver sterk!
3. – Herren skal atterreisa ¬Jakobs stordomog Israels velde.For ransmenn har rana deiog lagt deira vinhagar aude. –
4. Krigarane har raudmåla skjold,stridsmennene er kledde ¬i skarlak.Stålet på vognene logarnår han fylkar dei til strid,og hestane fer uroleg av stad.
5. Gjennom gatene ¬rasar vognene fram,over torga fer dei ¬i susande fart.Dei ser ut som faklar,fer att og fram som lyn.
6. Stormennene vert kalla fram;dei snåvar i farten,men stormar mot muren,og skjoldtaket vert reist.
7. Portane mot elva ¬vert slegne inn,og borga skjelv ¬i sine grunnvollar.
8. Dei steller henne fram,kler av henne ¬og fører henne bort.Jentene hennar ¬vert drivne av stad;dei klagar som duerog slår seg for brystet.
9. Ninive liknar ein damsom vatnet renn utor.Dei ropar: «Stogga! Stogga!»Men ingen kjem att.
10. Rana sølv, rana gull!Her er rikdom utan ende,ei mengd ¬med allslags dyre ting.
11. Tomt og audt og plyndra!Redde hjarto, vaklande kne,alle hofter skjelv,kvart andlet er eldande raudt.
12. Kvar er løvehiet, ¬hola åt ungløvene,der løve og løvemor gjekk,og ingen skræmde løveungen?