Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nahum 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sjå, han som ber ¬gledebod,kjem springande over fjell ¬med bodskap om fred.Hald dine høgtider, Juda,og gjer det du har lova!For aldri meir ¬kjem valdsmannen mot deg,heilt utrudd er han.

Stormen over Ninive

2. Når ein som vil driva deg bort,dreg fram imot deg,hald då vakt i borga,og hald utkikk langs vegen!Spenn beltet fast om livet,ta deg saman og ver sterk!

3. – Herren skal atterreisa ¬Jakobs stordomog Israels velde.For ransmenn har rana deiog lagt deira vinhagar aude. –

4. Krigarane har raudmåla skjold,stridsmennene er kledde ¬i skarlak.Stålet på vognene logarnår han fylkar dei til strid,og hestane fer uroleg av stad.

5. Gjennom gatene ¬rasar vognene fram,over torga fer dei ¬i susande fart.Dei ser ut som faklar,fer att og fram som lyn.

6. Stormennene vert kalla fram;dei snåvar i farten,men stormar mot muren,og skjoldtaket vert reist.

7. Portane mot elva ¬vert slegne inn,og borga skjelv ¬i sine grunnvollar.

8. Dei steller henne fram,kler av henne ¬og fører henne bort.Jentene hennar ¬vert drivne av stad;dei klagar som duerog slår seg for brystet.

9. Ninive liknar ein damsom vatnet renn utor.Dei ropar: «Stogga! Stogga!»Men ingen kjem att.

10. Rana sølv, rana gull!Her er rikdom utan ende,ei mengd ¬med allslags dyre ting.

11. Tomt og audt og plyndra!Redde hjarto, vaklande kne,alle hofter skjelv,kvart andlet er eldande raudt.

12. Kvar er løvehiet, ¬hola åt ungløvene,der løve og løvemor gjekk,og ingen skræmde løveungen?

13. Løva røva det ungane trong,ho drap for løvinnene,fylte sine hi med rovog sine holer med fengd.

14. Sjå, eg skal koma over deg,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.Eg lèt vognene dine ¬gå opp i røyk;dine ungløver ¬skal døy for sverd,og ditt rov vil eg rydja ¬ut frå jorda.Røysta åt dine sendebodskal aldri høyrast meir.