Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nahum 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Domsord mot Ninive.Boka om dei synene Nahum frå Elkosj fekk.

Herren tek hemn over motstandarane sine

2. Ein brennhuga, ¬hemnande Gud er Herren,ja, ein hemnar er Herren ¬og full av harme.Herren hemner seg ¬på sine motstandarar,han held på vreiden ¬mot sine fiendar.

3. Herren er langmodig.Men hans kraft er stor,og han lèt ikkje vera å straffa.Gjennom storm og uver ¬går hans veg,skyer er støvet under hans fot.

4. Han trugar havet ¬og turkar det ut,alle elvar legg han turre.Basan og Karmel visnar bort,Libanons blomeprakt døyr.

5. Fjella skjelv for han,haugane skjek og rivnar.Jorda bivrar for han,verda og alle som bur der.

6. Kven kan stå seg ¬for hans harme,kven held ut ¬hans brennande vreide?Hans harme strøymer fram ¬som eld,og knausane styrtar saman ¬for han.

7. Herren er god, eit vern i naud.Han tek seg av dei ¬som tyr til han.

8. Men med veldig flaumgjer han ende på ¬sine motstandarar;sine fiendar jagar han ut ¬i mørkret.

9. Kva emnar de på mot Herren,han som reint kan gjera ende ¬på dykk?Nauda kjem ikkje ein gong til.

10. Som ihopfletta tornebusker,som eit knippe med kvister,som turr halm ¬skal dei brenna opp.

Judas berging og Ninives undergang

11. Frå deg gjekk det ut ¬ein mannsom emna på vondskap ¬mot Herrenog hadde vondt i tankar.

12. Så seier Herren:Om dei er aldri så sterke ¬og mange,skal dei hoggast ned ¬og verta borte.Og om eg har plaga deg,skal eg ikkje gjera det meir.

13. No vil eg bryta det åk ¬han la på deg,og slita sund dine lekkjer.

14. Men dette er Herrens påbod ¬om deg:Ditt namn skal ikkje ¬leva lenger.Eg vil rydja ut or ditt gudshusbåde utskorne ¬og støypte gudebilete.Eg vil laga ei grav åt deg,for du er funnen for lett.