Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nahum 1:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Domsord mot Ninive.Boka om dei synene Nahum frå Elkosj fekk.

2. Ein brennhuga, ¬hemnande Gud er Herren,ja, ein hemnar er Herren ¬og full av harme.Herren hemner seg ¬på sine motstandarar,han held på vreiden ¬mot sine fiendar.

3. Herren er langmodig.Men hans kraft er stor,og han lèt ikkje vera å straffa.Gjennom storm og uver ¬går hans veg,skyer er støvet under hans fot.

4. Han trugar havet ¬og turkar det ut,alle elvar legg han turre.Basan og Karmel visnar bort,Libanons blomeprakt døyr.

5. Fjella skjelv for han,haugane skjek og rivnar.Jorda bivrar for han,verda og alle som bur der.

6. Kven kan stå seg ¬for hans harme,kven held ut ¬hans brennande vreide?Hans harme strøymer fram ¬som eld,og knausane styrtar saman ¬for han.

7. Herren er god, eit vern i naud.Han tek seg av dei ¬som tyr til han.

Les hele kapitlet Nahum 1