1. Domsord mot Ninive.Boka om dei synene Nahum frå Elkosj fekk.
2. Ein brennhuga, ¬hemnande Gud er Herren,ja, ein hemnar er Herren ¬og full av harme.Herren hemner seg ¬på sine motstandarar,han held på vreiden ¬mot sine fiendar.
3. Herren er langmodig.Men hans kraft er stor,og han lèt ikkje vera å straffa.Gjennom storm og uver ¬går hans veg,skyer er støvet under hans fot.
4. Han trugar havet ¬og turkar det ut,alle elvar legg han turre.Basan og Karmel visnar bort,Libanons blomeprakt døyr.
5. Fjella skjelv for han,haugane skjek og rivnar.Jorda bivrar for han,verda og alle som bur der.