Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 5:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kom i hug, Herre, ¬det som har hendt oss,sjå hit og legg merke til ¬kor vi vert spotta!

2. Vårt land er kome i hendene ¬på framande,utlendingar har fått våre hus.

3. Foreldrelause er vi vortne,vi har ingen far;mødrene våre er som enkjer.

4. Vi må kjøpa det vatnet ¬vi drikk,og betala den veden vi brukar.

5. Våre forfylgjarar ¬har vi på nakken,vi er trøytte og får ikkje kvila.

6. Vi rette ut handa til Egypt ¬og til Assur,så vi kunne mettast med brød.

7. Våre fedrar synda; dei er borte,men vi ber straffa ¬for deira skuld.

8. Trælar er våre herrar,og ingen riv oss ut ¬or deira hand.

9. Vi hentar vårt brød ¬med fare for livet,sverdet trugar i øydemarka.

10. Vår hud er heit som ein omn,for svolten gneg i kroppen.

11. Dei krenkte kvinner i Sionog unge jenter i byane i Juda.

12. Dei tok og hengde stormennog hadde ingen vørdnad ¬for dei eldste.

13. Unge menn ¬laut slita med kverna,og gutar seig under vedbøra.

14. Dei gamle ¬sit ikkje lenger i porten,det er slutt ¬med ungdomens ¬strengespel.

15. Vi er ikkje lenger glade,dansen er omsnudd til sorg.

Les hele kapitlet Klagesongane 5