Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 3:47-65 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

47. Gru og grav, det vart vår lut,øyding og undergang.

48. Tårene strøymer frå augo minefordi mitt folk er knust.

49. Tårene renn i eitt frå mitt auga,og det tek ikkje slutt

50. før Herren skodar nedfrå himmelen og ser det.

51. Det gjer meg inderleg vondtå sjå alle kvinnene i min by.

52. Dei som var imot meg ¬utan grunn,jaga og jaga meg som ein fugl.

53. Dei dreiv meg levande ¬i ei fallgravog kasta stein over meg.

54. Vatnet fløymde ¬over mitt hovud;eg tenkte: ¬«No er det ute med meg.»

55. Då ropa eg ditt namn, Herre,djupt nede frå grava.

56. Du høyrde på meg då eg bad:«Du må ikkje lata att øyrofor mi bøn om berging!»

57. Du var nær då eg kalla ¬på deg;du sa: «Ver ikkje redd!»

58. Du, Herre, førte mi sak,du løyste meg ut, ¬så eg fekk leva.

59. Du, Herre, såg kva urett ¬eg leid,og hjelpte meg til min rett.

60. Du såg deira store hemnlyst,alle deira vonde planar ¬mot meg.

61. Du høyrde kor dei spotta, ¬Herre,alt det vonde dei planla ¬mot meg.

62. Mine uvener kviskrarog murrar mot meg dagen lang.

63. Sjå, anten dei sit eller står,syng dei nidviser om meg.

64. Du vil gje dei att, Herre,for det dei sjølve har gjort.

65. Du gjer hjarta deira hardt,og sender forbanning over dei.

Les hele kapitlet Klagesongane 3