20. Herre, sjå, eg er i naud,det gjærer i min barm.Hjarta snur seg i mitt bryst,fordi eg var trassig og ulydig.Ute har sverdet ¬drepe mine born,inne i huset rår døden.
21. Dei høyrer kor eg sukkar,og ingen trøystar meg.Alle mine fiendar ¬høyrer om mi ulukke,og det gleder dei ¬at du har sendt henne.Lat han koma, ¬den dagen du varsla,så det går dei like ille ¬som meg.
22. Lat all deira vondskap ¬koma deg for auga!Gjer med dei ¬som du gjorde med megfor alle mine synder.For mine sukkar er mange,og mitt hjarta er sjukt.