Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 1:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Herren har vrakaalle dei kjemper ¬som fanst hjå meg.Han kalla saman ein flokk ¬imot meg,ville knusa mine unge menn.I vinpressa har Herren trakkaJuda, den unge møy.

16. Dette er det eg græt for,tårene strøymer frå augo mine.For langt borte frå meger dei som kunne trøysta ¬og gje meg mot.Det er ute med borna mine,fienden var for sterk.

17. Sion retter ut sine hender,men det er ingen ¬som trøystar henne.Til strid mot Jakob ¬har Herren mønstraalle hans fiendar rundt ikring.Jerusalem byd dei imotsom ei urein kvinne.

18. Herren har fare rettvist fram,for eg var ulydig ¬mot hans bod.Høyr på meg, alle folk,og sjå kva eg må lida!Mine unge jenter og gutarlaut fara i fangenskap.

19. Eg ropa på mine elskarar,men dei sveik meg.Mine prestar og styresmennomkom her i byenmedan dei leita etter mat,så dei kunne berga livet.

20. Herre, sjå, eg er i naud,det gjærer i min barm.Hjarta snur seg i mitt bryst,fordi eg var trassig og ulydig.Ute har sverdet ¬drepe mine born,inne i huset rår døden.

21. Dei høyrer kor eg sukkar,og ingen trøystar meg.Alle mine fiendar ¬høyrer om mi ulukke,og det gleder dei ¬at du har sendt henne.Lat han koma, ¬den dagen du varsla,så det går dei like ille ¬som meg.

22. Lat all deira vondskap ¬koma deg for auga!Gjer med dei ¬som du gjorde med megfor alle mine synder.For mine sukkar er mange,og mitt hjarta er sjukt.

Les hele kapitlet Klagesongane 1