Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 1:13-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Herren sende eld ¬frå det høge,som gjekk meg ¬gjennom merg og bein.Han sette ut garn for mine føterog støytte meg unna.Han har gjort meg einsam,all dagen er eg sjuk.

14. Han vakta på mine syndersom var knytte saman ¬i hans hand.Dei låg som eit åk ¬på min nakkeog har brote mi kraft.Herren har gjeve meg ¬i hendenepå folk eg ikkje ¬kan stå meg imot.

15. Herren har vrakaalle dei kjemper ¬som fanst hjå meg.Han kalla saman ein flokk ¬imot meg,ville knusa mine unge menn.I vinpressa har Herren trakkaJuda, den unge møy.

16. Dette er det eg græt for,tårene strøymer frå augo mine.For langt borte frå meger dei som kunne trøysta ¬og gje meg mot.Det er ute med borna mine,fienden var for sterk.

17. Sion retter ut sine hender,men det er ingen ¬som trøystar henne.Til strid mot Jakob ¬har Herren mønstraalle hans fiendar rundt ikring.Jerusalem byd dei imotsom ei urein kvinne.

Les hele kapitlet Klagesongane 1