Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 1:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Å, kor einsam ho sit,byen som før var ¬så folkerik!Ho som var stor mellom folka,sit no enkje.Fyrstinna mellom landamå gjera tvangsarbeid.

2. Ho græt så sårt om natta,tårene renn på hennar kinn.Mellom alle sine elskararhar ho ingen som trøystar.Alle hennar vener har svike,dei har vorte hennar fiendar.

3. Bort frå landet laut Juda fara,ut or naud og tung trældom.No bur ho mellom folkaog finn ikkje ro.Alle hennar forfylgjarar ¬nådde henne attmidt i trengslene.

4. Vegane til Sion syrgjerfordi ingen kjem til høgtidene.Alle portane i byen er aude,og prestane der må sukka.Dei unge jentene er fulle ¬av sut,og sjølv har ho bitter sorg.

5. Dei som står henne imot, ¬har makta,hennar fiendar ¬kjenner seg trygge.Herren har late henne lidafordi hennar synder ¬var mange.Borna hennar laut fara ¬i fangenskap,fienden førte dei bort.

6. Sions dotter har mistall sin prydnad.Hennar stormenn ¬vart som hjortarsom ikkje finn beite.Kraftlause gjekk dei av stadframfor han som dreiv dei.

7. I si naud og heimløysemå Jerusalem minnastalt det herlege ho haddeheilt ifrå gamle dagar.Men folket fall i fiendehandog hadde ingen til å hjelpa.Fiendane såg på henne og lofordi det var ute med henne.

8. Jerusalem har synda grovt,difor har dei uvilje mot henne.Alle som æra henne,vanvørder henne no,for dei har sett henne naken.Sjølv må ho sukka ¬og snu seg bort.

9. Ureinskapen viser seg ¬på hennar slep;ho hadde ikkje tenkt ¬det skulle enda så.Utruleg djupt har ho sokke,og ingen trøystar henne.«Herre, sjå mi naud,sjå korleis fienden triumferer!»

10. Fienden rette ut handaetter alle hennar skattar.Ho laut sjå at heidningarkom inn i hennar heilagdom,endå ho hadde nekta deiå vera med i din lyd.

Les hele kapitlet Klagesongane 1