Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 7:10-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Då sa Herren til Josva: Reis deg opp! Kvifor ligg du her med andletet mot jorda?

11. Israel har synda og brote den pakta eg baud dei å halda. Dei har teke av det som var bannlyst, stole det og gøymt det mellom sine eigne ting.

12. Difor kan ikkje israelittane stå seg mot fiendane, men må røma for dei; for dei er sjølve komne under bann. Skil de dykk ikkje av med det som er bannlyst, vil eg ikkje vera med dykk lenger.

13. Stå opp! Lat folket helga seg! Sei til dei at dei skal helga seg til i morgon. For så seier Herren, Israels Gud: Det finst bannlyst gods hjå deg, Israel. Du kan ikkje stå deg mot fiendane før de har kvitta dykk med det.

14. I morgon tidleg skal de stiga fram, ætt for ætt. Og den ætta Herren tek ut, skal stiga fram, grein for grein. Og den ættgreina Herren tek ut, skal stiga fram, huslyd for huslyd. Og den huslyden Herren tek ut, skal stiga fram, mann for mann.

15. Den som det bannlyste godset vert funne hjå, skal brennast med alt sitt. For han har brote Herrens pakt og gjort eit skjemdarverk i Israel.

16. Morgonen etter stod Josva tidleg opp og lét Israel stiga fram, ætt for ætt. Og Juda-ætta vart utteken.

17. Så lét han ættgreinene i Juda stiga fram, og Serah-greina vart utteken. Så lét han Serah-greina stiga fram, huslyd for huslyd, og Sabdis huslyd vart utteken.

18. Til sist lét han Sabdis huslyd stiga fram, mann for mann, og Akan vart utteken. Han var son til Karmi, som var son til Sabdi og soneson til Serah av Juda-ætta.

19. Då sa Josva til Akan: «Son min, gjev Herren, Israels Gud, ære og pris! Sei meg kva du har gjort, og døl ikkje noko for meg!»

Les hele kapitlet Josva 7