Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 7:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Men israelittane fór ikkje ærleg fram med det bannlyste godset. Akan, son til Karmi, som var son til Sabdi og soneson til Serah av Juda-ætta, tok av det. Då vart Herren brennande harm på israelittane.

2. Frå Jeriko sende Josva nokre menn til Ai, som ligg tett attmed Bet-Aven, austanfor Betel. Han sa at dei skulle fara opp og speida i landet der. Så fór mennene opp og speida i Ai.

3. Då dei kom attende til Josva, sa dei til han: «Lat ikkje heile hæren fara dit opp! Send to – tre tusen mann, så tek dei Ai. Du treng ikkje bry alt folket med det; for dei er ikkje mange.»

4. Så drog om lag tre tusen mann av hæren dit. Men dei laut røma for mennene i Ai.

5. Fiendane slo i hel trettiseks av dei. Dei sette etter dei frå byporten heilt til steinbrota og hogg dei ned i bakkane der. Då miste israelittane motet; det kvarv som vatn.

6. Josva og dei eldste i Israel reiv sund kleda sine og kasta seg ned framfor Herrens kiste med andletet mot jorda. Såleis vart dei liggjande heilt til kvelds, og dei strøydde mold på hovuda sine.

7. Og Josva sa: «Å, Herre Gud! Kvifor førte du dette folket over Jordan? Var det fordi du ville gje oss i hendene på amorittane og la oss gå til grunne? Gjev vi hadde vorte verande på hi sida av Jordan!

8. Å, Herre! Kva skal eg seia no når Israel har mått røma for fienden?

9. Når kanaanearane og alle dei andre som bur her i landet, får høyra dette, kjem dei til å kringsetja oss og rydja namnet vårt ut frå jorda. Kva vil du då gjera for ditt store namn?»

10. Då sa Herren til Josva: Reis deg opp! Kvifor ligg du her med andletet mot jorda?

11. Israel har synda og brote den pakta eg baud dei å halda. Dei har teke av det som var bannlyst, stole det og gøymt det mellom sine eigne ting.

12. Difor kan ikkje israelittane stå seg mot fiendane, men må røma for dei; for dei er sjølve komne under bann. Skil de dykk ikkje av med det som er bannlyst, vil eg ikkje vera med dykk lenger.

Les hele kapitlet Josva 7