Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 3:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Morgonen etter stod Josva tidleg opp. Han tok ut frå Sjittim med alle israelittane, og dei kom til Jordan. Der var dei om natta før dei sette over elva.

2. Då tre dagar var lidne, gjekk tilsynsmennene gjennom leiren

3. og sa til folket: «Når de ser paktkista åt Herren dykkar Gud, og levittprestane som ber kista, skal de fara av stad og fylgja etter henne.

4. Så kan de vita kva veg de skal ta. For den vegen har de ikkje fare før. Men mellom dykk og paktkista må det vera eit godt stykke, to tusen alner på lag. Kom henne ikkje for nær!»

5. Så sa Josva til folket: «Helga dykk no! For i morgon vil Herren gjera underfulle ting mellom dykk.»

6. Og til prestane sa han: «Ta paktkista og far fram føre folket!» Då tok dei paktkista og gjekk føre folket.

7. Herren sa til Josva: «Frå i dag vil eg gjera deg stor framfor augo på heile Israel. Dei skal skjøna at eg er med deg, liksom eg var med Moses.

8. Sei no til prestane som ber paktkista, at dei skal verta ståande på elvebakken når dei kjem ned til Jordan.»

9. Då sa Josva til israelittane: «Kom hit og høyr orda frå Herren dykkar Gud!

10. Dette, sa han, skal de ha til teikn på at den levande Gud er midt imellom dykk, og at han skal driva bort for dykk både kanaanearane og hetittane, hevittane, perisittane, girgasjittane, amorittane og jebusittane:

11. Paktkista åt han som er herre over heile jorda, skal fara føre dykk ut i Jordan.

Les hele kapitlet Josva 3