Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 18:9-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Dermed tok mennene av stad og fór ikring i heile landet. Dei skreiv opp by for by i ei liste i sju bolkar. Så kom dei attende til Josva i leiren ved Sjilo.

10. Og Josva kasta lodd for dei der, for Herrens åsyn. Han skifte landet mellom israelittane; kvar ætt fekk sin del.

11. Det fyrste loddet fall på Benjamins-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg mellom Juda-sønene og Josefs-sønene.

12. Landegrensa deira på nordsida gjekk ut frå Jordan og oppover til åsen nordanfor Jeriko og så vestover fjellet fram til øydemarka ved Bet-Aven.

13. Derifrå heldt ho fram sørover mot Lus, til høgdedraget ved Lus, som no heiter Betel, og gjekk så ned til Atrot-Addar, over det fjellet som ligg sør for Nedre Bet-Horon.

14. Så svinga ho og gjekk sørover i ein boge på vestsida av fjellet sør for Bet-Horon, til ho enda i Kirjat-Ba’al, ein by som høyrer Juda til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestgrensa.

15. På sørsida gjekk grensa frå utkanten av Kirjat-Jearim vestover til Neftoah-kjelda.

16. Så gjekk ho ned til foten av det fjellet som ligg midt for Hinnom-dalen, nordanfor Refa’im-dalen. Derifrå heldt ho fram gjennom Hinnom-dalen på sørsida av Jebusitt-åsen ned til Rogel-kjelda.

17. Der svinga ho mot nord, gjekk fram til Sjemesj-kjelda og til Gelilot, som ligg midt for Adummim-skaret, og så ned til Bohan-steinen, som heiter etter Bohan, son til Ruben.

18. Så gjekk ho nordover til høgdedraget ovanfor Jordan-dalen og ned i dalen.

19. Der heldt ho fram til Bet-Hogla-åsen og enda i den nørdste vika av Saltsjøen, attmed Jordan-osen. Dette var sørgrensa.

20. På austsida var Jordan skiljelina. Dette var det landet som Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk, med grensene kring det.

21. Byane som Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk, var: Jeriko, Bet-Hogla, Emek-Kesis,

22. Bet-Ha’araba, Semarajim, Betel,

23. Ha’avvim, Happara, Ofra,

24. Kefar-Ha’ammoni, Ha’ofni og Geba, tolv byar med landsbyar.

25. Så var det Gibeon, Rama, Be’erot,

26. Mispe, Hakkefira, Hammosa,

27. Rekem, Jirpe’el, Tarala,

28. Sela, Ha’elef og Jebus, som no heiter Jerusalem, Gibea og Kirjat-Jearim, fjorten byar med landsbyar. Dette var det landet Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk.

Les hele kapitlet Josva 18