Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 12:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dei kongane austanfor Jordan som israelittane vann over og tok landet frå mellom Arnon-elva og Hermon-fjellet, på heile austsida av Jordan,

2. det var fyrst amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon. Han rådde over landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, frå midt i elva, og over halve Gilead til Jabbok-elva, som er grensa mot ammonittane.

3. Han rådde òg over austsida av Jordan-dalen, opp til Gennesaret-sjøen og ned til Araba-sjøen – eller Saltsjøen – bort imot Bet-Jesjimot, og sør under Pisga-liene.

4. Så var det landet til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han budde i Asjtarot og Edre’i

5. og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og ma’akatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon.

6. Desse kongane hadde Moses, Herrens tenar, og israelittane vunne over, og Moses hadde late Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta få landet deira til odel og eige.

7. No hadde Josva og israelittane vunne over kongane i landet vestanfor Jordan, frå Ba’al-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se’ir. Dette landet gav Josva Israels-ættene til eigedom, så kvar ætt fekk sin del:

8. i fjellbygdene, Sjefela og Jordan-dalen, i liene, øydemarka og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane.

9. Dette er dei kongane som Josva vann over: kongen i Jeriko, ein, kongen i Ai ved Betel, ein,

Les hele kapitlet Josva 12