Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 10:29-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Frå Makkeda fór Josva med heile Israel til Libna. Han tok på byen,

30. og Herren gav både Libna og kongen der i Israels hender. Josva øydde byen med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der; ingen vart att, og ingen slapp unna. Med kongen gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

31. Frå Libna fór Josva med heile Israel til Lakisj. Han kringsette byen og tok på han.

32. Og Herren gav Lakisj i hendene på israelittane. Alt andre dagen tok dei byen. Dei øydde han med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der, som dei hadde gjort i Libna.

33. Då kom Haros, kongen i Geser, opp og ville hjelpa Lakisj. Men Josva hogg ned både han og mennene hans; ingen vart att, og ingen slapp unna.

34. Frå Lakisj fór Josva med heile Israel til Eglon. Dei kringsette byen og gjekk til åtak på han.

35. Same dagen tok dei han og øydde han med odd og egg. Den dagen bannstøytte dei kvart liv som fanst der, som dei hadde gjort i Lakisj.

36. Frå Eglon fór Josva med heile Israel til Hebron. Dei stridde mot byen

37. og tok han. Med odd og egg øydde dei både byen og bygdene rundt ikring og tynte kongen og kvart liv som fanst der; ingen vart att, og ingen slapp unna. Dei fór i alle måtar fram som dei hadde gjort med Eglon. Dei bannstøytte byen og kvart liv som der var.

38. Sidan vende Josva og heile Israel seg mot Debir. Dei stridde mot byen

39. og tok både den og kongen som budde der, og alle byane ikring. Dei øydde alt med odd og egg og bannstøytte kvart liv som fanst i byen; ingen vart att, og ingen slapp unna. Josva gjorde like eins med Debir og kongen der som han hadde gjort med Hebron og med Libna og kongen der.

40. Såleis tok Josva heile landet, både fjellbygdene, Negev, Sjefela og liene. Han slo alle kongane som budde der, og lét ingen vera att eller sleppa unna. Kvart levande liv bannstøytte han, som Herren, Israels Gud, hadde sagt han føre.

41. Josva tok alt landet mellom Kadesj-Barnea og Gasa og heile Gosen-landet til Gibeon.

42. Han slo alle kongane der og tok landet deira på ein gong. For Herren, Israels Gud, stridde for Israel.

43. Så fór Josva med heile Israel attende til leiren ved Gilgal.

Les hele kapitlet Josva 10