Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 10:21-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Då slaget var over, kom heile hæren uskadd attende til Josva i leiren ved Makkeda. Og det fanst ingen som torde kny mot israelittane.

22. Då sa Josva: «Ta bort steinane som ligg framfor inngangen til hola, og før dei fem kongane ut til meg!»

23. Så vart gjort; dei førte dei fem kongane ut til han frå hola: kongen i Jerusalem, kongen i Hebron, kongen i Jarmut, kongen i Lakisj og kongen i Eglon.

24. Då dei hadde ført kongane ut til Josva, kalla han saman alle Israels-mennene og sa til hærførarane som hadde fylgt han i striden: «Kom hit og set foten på nakken åt desse kongane!» Då gjekk dei fram og sette foten på nakken deira.

25. Og Josva sa til dei: «Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Ver djerve og sterke! For såleis vil Herren gjera med alle fiendar de kjem i strid med.»

26. Så hogg Josva dei ned. Han drap dei og hengde dei opp i fem tre, og der vart dei hangande til kvelds.

27. Men då sola gladde, lét Josva mennene sine ta dei ned or trea og kasta dei inn i den hola dei hadde gøymt seg i. Framfor inngangen til hola la dei store steinar, og dei ligg der den dag i dag.

28. Same dagen tok Josva Makkeda og øydde byen med odd og egg. Han bannstøytte både kongen og kvart levande liv som der fanst; ingen vart att, og ingen slapp unna. Med kongen i Makkeda gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

29. Frå Makkeda fór Josva med heile Israel til Libna. Han tok på byen,

30. og Herren gav både Libna og kongen der i Israels hender. Josva øydde byen med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der; ingen vart att, og ingen slapp unna. Med kongen gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

31. Frå Libna fór Josva med heile Israel til Lakisj. Han kringsette byen og tok på han.

32. Og Herren gav Lakisj i hendene på israelittane. Alt andre dagen tok dei byen. Dei øydde han med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der, som dei hadde gjort i Libna.

33. Då kom Haros, kongen i Geser, opp og ville hjelpa Lakisj. Men Josva hogg ned både han og mennene hans; ingen vart att, og ingen slapp unna.

34. Frå Lakisj fór Josva med heile Israel til Eglon. Dei kringsette byen og gjekk til åtak på han.

35. Same dagen tok dei han og øydde han med odd og egg. Den dagen bannstøytte dei kvart liv som fanst der, som dei hadde gjort i Lakisj.

36. Frå Eglon fór Josva med heile Israel til Hebron. Dei stridde mot byen

37. og tok han. Med odd og egg øydde dei både byen og bygdene rundt ikring og tynte kongen og kvart liv som fanst der; ingen vart att, og ingen slapp unna. Dei fór i alle måtar fram som dei hadde gjort med Eglon. Dei bannstøytte byen og kvart liv som der var.

38. Sidan vende Josva og heile Israel seg mot Debir. Dei stridde mot byen

39. og tok både den og kongen som budde der, og alle byane ikring. Dei øydde alt med odd og egg og bannstøytte kvart liv som fanst i byen; ingen vart att, og ingen slapp unna. Josva gjorde like eins med Debir og kongen der som han hadde gjort med Hebron og med Libna og kongen der.

Les hele kapitlet Josva 10