Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jona 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jona i Ninive

1. Då kom Herrens ord til Jona andre gongen, og det lydde så:

2. «Stå opp, gå til Ninive, den store byen, og rop ut over han den bodskapen eg gjev deg!»

3. Jona stod opp og gjekk til Ninive, som Herren hadde sagt. Ninive var ein stor by for Gud, tre dagsleier lang.

4. Jona gjekk ei dagslei inn i byen og ropa: «Om førti dagar skal Ninive leggjast i grus!»

5. Då trudde folket i Ninive på Gud. Dei lyste ut faste og kledde seg i botsdrakt, både store og små.

6. Kongen i Ninive fekk òg høyra om dette. Då reiste han seg frå tronstolen sin og tok av seg kongekåpa. Han kledde seg i botsdrakt og sette seg i støvet.

7. Etter påbod frå kongen og stormennene hans ropa dei ut i Ninive: «Korkje menneske eller dyr, korkje storfe eller småfe skal eta noko; dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn.

8. Men dei skal kle seg i botsdrakt, både menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt og venda om frå si vonde ferd og den urett dei gjer.

9. Kan henda Gud då vil endra sin plan og halda att sin brennande vreide, så vi ikkje går til grunne.»

10. Dei vende om frå si vonde ferd, og då Gud såg det, endra han sin plan og sende ikkje den ulukka han hadde varsla.