Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jona 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herren bergar Jona frå djupet

1. Men Herren sende ein stor fisk, som slukte Jona; og han var i buken på fisken i tre dagar og tre netter.

2. Jona bad til Herren sin Gud frå fiskebuken

3. og sa: Eg kalla på Herren i mi naud,og han svara meg.Eg ropa frå djupaste dødsriket,og du høyrde mi røyst.

4. Du kasta meg i djupet ¬midt på havet,og straumen kringsette meg.Alle dine brot og bylgjer ¬slo over meg.

5. Då tenkte eg:Eg er støytt bort frå deg.Skal eg aldri meir få sjå ¬ditt heilage tempel?

6. Vatnet nådde meg ¬heilt til halsen,havdjupet var ikring meg ¬på alle kantar.Tang sveipte seg ¬om mitt hovud.

7. Radt til fjellbotnane fór eg ned.Heimsens bommar stengdestetter meg for alltid.Men du, Herre min Gud,førte meg levande opp ¬or grava.

8. Då mi sjel var kraftlaus,kom eg Herren i hug,og mi bøn nådde til deg,til ditt heilage tempel.

9. Dei som dyrkar falske ¬og gagnlause gudar,har gjeve opp sin truskap ¬mot deg.

10. Men eg vil ofra til deg ¬med takkesong.Det eg har lova, vil eg halda.Frelsa kjem frå Herren.

11. Då tala Herren til fisken, og han spydde Jona opp på land.