Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Joel 2:4-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Som hestar er folket å sjå til,som hingstar fer dei fram.

5. Dei tråvar over åsryggeneliksom larmande vogner,lik eld som sprakar i halmen,lik ein veldig hær ¬som er budd til strid.

6. Folkeslag skjelv for dei,kvart andlet er eldande raudt.

7. Som krigarar rusar dei fram,som stridsmenn ¬stormar dei murar.Kvar ein går strake vegenog bøyer ikkje av frå stigen.

8. Ingen trengjer ¬den andre bort,kvar mann held sin plass.Dei rusar fram ¬mellom kastespydog lèt seg ikkje stogga.

9. Dei fer inn i byen,dei stormar opp på muren,dei trengjer inn i husa.Gjennom vindauga går dei ¬som tjuvar.

10. Jorda skjelv framføre dei,og himmelen skjek.Sol og måne svartnar,og stjernene misser sin glans.

Les hele kapitlet Joel 2