Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Joel 2:22-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Ver ikkje redde, ¬de dyr på marka,for beita i øydemarka grønkast,og trea gjev si frukt,fikentre og vintre ber rikt.

23. Fagna dykk, de Sions søner,gled dykk i Herren ¬dykkar Gud!For i rettferd gjev han dykk ¬haustregn,han sender dykk regn,haustregn og vårregn som før.

24. Kvar treskjevoll ¬fyllest med korn,pressekummane fløymer ¬med druesaft og olje.

25. Eg gjev dykk att for dei årdå grashoppesvermen herja,og larva, gnagaren og åma,min store hær ¬som eg sende mot dykk.

26. De skal eta og mettastog prisa namnet ¬åt Herren dykkar Gud.For han steller underfullt ¬med dykk,og folket mitt skal aldri ¬verta til skammar.

27. De skal merka ¬at eg er hjå Israel.Eg og ingen annan ¬er Herren dykkar Gud,og folket mitt skal aldri ¬verta til skammar.

Les hele kapitlet Joel 2