Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 6:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Mine brør har svikta ¬som ein bekk,som eit elvefar ¬der vatnet er borte.

16. Vatnet kan grumsast til av is,og snø kan blanda seg i det.

17. Men i turketida stilnar elva,når varmen kjem, kverv ho.

18. Karavanar tek ein annan veg,dei kjem opp i øydemarka ¬og går til grunne.

19. Karavanar frå Tema ¬såg etter vatn,ferdafylgje frå Saba ¬vona òg på det.

20. Dei var fulle av tillit, ¬men vart til skammar;då dei kom fram, ¬vart dei vonbrotne.

21. Så er de for meg i dag;de ser det som skræmer, ¬og vert redde.

22. Har eg vel sagt: «Lat meg få!Gjev meg ei gåve av det de eig!

Les hele kapitlet Job 6