Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 41:16-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Når han reiser seg, ¬må kjemper fæla,dei går frå sans og samling ¬av redsle.

17. Om sverdet råkar han, ¬bit det ikkje,og heller ikkje kastevåpen, ¬spyd eller pil.

18. Han aktar jern som var det stråog bronse som morkna tre.

19. Ei pil kan ikkje jaga han ¬på flukt,stein frå slyngja ¬er som halmstrå for han.

20. Ei klubbe ¬reknar han òg for halm,han berre ler ¬åt susande kastespyd.

21. Under buken ¬har han kvasse taggar,som ein treskjeslede ¬lagar han far i gjørma.

22. Han set djupet i kok ¬som ei gryte,lèt havet skumma ¬som ein kjele med salve.

23. Bak han går det ein lysande stig,det ser ut ¬som om djupet har sølvhår.

24. Hans make finst ikkje ¬her på jord,skapt som han er utan reddhug.

25. Alt som er høgt, ¬ser han i auga,han er ein konge ¬over alle stolte dyr.

Les hele kapitlet Job 41