Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 27:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:

2. Så sant Den Allmektige lever,han som ikkje lèt meg få ¬min rett,Gud som har gjort meg beisk ¬i hug:

3. Så lenge det er livsande i meg,pust frå Gud i min nase,

4. skal eg ikkje ta urett ¬på mine lippereller svik på mi tunge ¬når eg talar.

5. Eg kjem aldri til å gje dykk rett;så lenge eg lever,gjev eg ikkje opp mi ¬ærlege ferd.

6. Eg held fast på min rett ¬og slepper han ikkje.Hjarta mitt klagar meg ikkjefor noko eg har gjort i mitt liv.

Les hele kapitlet Job 27