Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 24:1-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kvifor har ikkje ¬Den Allmektigesett av tider til dom?Kvifor får ikkje dei ¬som kjenner han,sjå at hans dagar kjem?

2. Dei gudlause ¬flytter merkesteinar,dei røvar sauer ¬og sender dei på beite.

3. Esla åt farlause driv dei bort,og oksane åt enkjer ¬tek dei i pant.

4. Fattige tvingar dei ut av vegen,dei hjelpelause ¬må gøyma seg for dei.

5. Som villesel i øydemarkagår dei til arbeids.På aude moar ¬leitar dei etter mat;der må dei finna føde til borna.

6. Dei haustar fôr på markaog sankar den frukt som er leivdi vingarden åt dei vonde.

7. Halvnakne ligg dei ute ¬om natta,utan klede eller teppe i kulden.

8. På fjellet vert dei våte av regn;fordi dei ikkje har livd,trykkjer dei seg tett ¬inn til berget.

9. Somme riv farlause born ¬frå brystetog tek pant av dei hjelpelause.

10. Dei går nakne ikring, ¬dei har ikkje klede,svoltne må dei bera kornband.

11. Mellom murane pressar dei olje,tyrste trakkar dei vinpressa.

12. Frå byen høyrest støn ¬av døyande menneske,og dei som er såra, ¬skrik om hjelp.Men Gud bryr seg ikkje ¬om deira bøn.

13. Andre gjer opprør mot ljoset.Dei kjenner ikkje ljosets vegar,held seg ikkje på ljosets stigar.

14. Før dagen renn, ¬står drapsmannen oppog slår i hel ein fattig stakkar.Om natta er tjuven på ferde.

15. Horkaren ventar på skumringa.Han seier: ¬«Det er ingen som ser meg,»og så løyner han andletet.

16. I mørkret gjer tjuvane innbrot;dei stengjer seg inne om dagen,for dei vil ikkje vita av ljoset.

17. Kolmørkret er for dei ¬som ein morgon,dei kjenner alt ¬som skræmer i mørkret.

18. Men brått vert dei borte ¬som på vatnet.Forbanna er deira lut i landet,ingen tek vegen til vingardane.

19. Turk og hete tek snøvatnet bort,dødsriket sluker ¬den som syndar.

Les hele kapitlet Job 24