8. Om røtene i jorda eldest,og stuven morknar i molda,
9. så veks det opp att ¬ved eimen av vatnog set skot som eit nyplanta tre.
10. Men når mannen døyr, ¬er det ute med han,går mennesket bort, ¬kvar finst det då?
11. Som vatnet renn ut or sjøen,som elva minkar og turkar ut,
12. såleis ligg mannen ¬og står ikkje opp;han vaknar ikkje ¬så lenge himmelen er til;ingen vekkjer han or svevnen.
13. Gjev du ville gøyma megog halda meg løynd i dødsrikettil vreiden din går over!Gjev du ville setja ¬eit tidsmål for megog så atter koma meg i hug!
14. Kunne ein som er død, få liv,då ville eg halda ut i stridentil det kom avløysing for meg.