Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 13:14-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Eg vel den farefulle vegen,ja, set livet på spel.

15. Eg ventar på han ¬som vil drepa meg,eg vil visa han at mi ferd er rett.

16. Og det skal verta mi berging;for ingen gudlaus ¬kan gå fram for han.

17. Så høyr då vel på mine ord,og lyd på mi utgreiing!

18. Sjå, no legg eg fram mi sak,eg veit at eg har rett.

19. Kan nokon føra klagemål ¬mot meg?Då ville eg teia stilt og døy.

20. Berre to ting ¬må du spara meg for,så slepp eg løyna meg for deg.

21. Ta handa di bort frå meg,lat meg ikkje skræmast ¬av redsle for deg!

22. Stemn meg du, så skal eg svara,eller lat meg tala, ¬og svar meg du!

Les hele kapitlet Job 13