Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 13:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Alt dette har eg sett ¬med eigne augo,eg har høyrt det ¬og merka meg det.

2. Det de veit, veit eg òg,eg er ikkje ringare mann enn de.

3. Men eg vil tala ¬til Den Allmektigeog forsvara meg mot Gud.

4. Men de som smør på så tjukt ¬med lygn,kvaksalvarar er de alle.

5. Gjev de ville teia!Då skulle de reknast for vise.

6. Så høyr kva eg har å seia imot,lyd på mitt innlegg i striden!

7. Vil de forsvara Gud med urett,tala hans sak på svikefull vis?

8. Vil de halda med Gudog vera sakførarar for han?

9. Går det godt ¬om han ransakar dykk?Vil de narra han ¬som ein narrar menneske?

Les hele kapitlet Job 13