Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 6:4-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Boltane i dørstokkane riste når ropet ljoma, og huset vart fylt med røyk.

5. Då sa eg:«Ve meg! Det er ute med meg.For eg er ein mann ¬med ureine lipper,og eg bur mellom eit folk ¬med ureine lipper,og augo mine har sett Kongen,Herren, Allhærs Gud.»

6. Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo, som han hadde teke med ei tong frå altaret.

7. Med den rørte han ved munnen min og sa:«Sjå, denne har rørt ¬ved lippene dine.Di skuld er borte, ¬di synd er sona.»

8. Så høyrde eg Herrens røyst:«Kven skal eg senda,og kven vil gå for oss?»Då sa eg: «Sjå, her er eg, send meg!»

9. Og han sa:«Gå og sei til dette folket:Høyr og høyr, men håtta ikkje!Sjå og sjå, men skjøna ikkje!

10. Gjer hjarta hardt på ¬dette folket,gjer øyro tunghøyrde, ¬klin augo att,så det ikkje ser med augoeller høyrer med øyroeller skjønar med hjartaog vender om og vert lækt!»

11. Då spurde eg: «Kor lenge, Herre?» Han svara:«Til byane er aude ¬og folketome,til husa står utan folk,og landet ligg ¬som ei øydemark.»

12. Langt bort ¬skal Herren senda folket,audt og tomt skal det verta ¬i landet.

13. Og finst det enno att ¬ein tiandepart,skal den òg øydast ut,som når ei eik ¬eller terebinte vert felt,og berre ein stuv står att.Stuven skal vera ¬eit heilagt sæde.

Les hele kapitlet Jesaja 6