Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 46:9-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Tenk på det som hende før,heilt ifrå eldgamal tid!For eg er Gud, og ingen annan,eg er Gud, ¬og det finst ingen som eg.

10. Eg kunngjer frå opphavet ¬dei siste ting,varslar føreåt ¬det som skal henda.Eg seier: «Den plan eg har lagt, ¬står fast,og alt eg vil, det gjer eg.»

11. Eg kallar hit ein rovfugl ¬frå aust;frå eit land langt borte ¬kallar eg han,den mannen ¬som set min plan i verk.Eg har tala og lèt det koma,eg har tenkt det ¬og lèt det henda.

12. Høyr på meg, ¬de stridlyndte menn,de som er så langt frå rettferd.

13. Eg fører hit mi rettferd,ho er ikkje langt borte,mi frelse dryer ikkje.Så gjev eg frelse på Sionog lèt Israel ¬få sjå min herlegdom.

Les hele kapitlet Jesaja 46