Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 36:14-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia narra dykk! For han kan ikkje berga dykk.

15. Lat ikkje Hiskia få dykk til å lita på Herren, når han seier: «Herren vil nok berga oss. Denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.»

16. Høyr ikkje på Hiskia! For så seier kongen i Assyria: Gjer fred med meg, og gjev dykk over til meg! Så skal de få eta, kvar av sitt vintre og sitt fikentre, og drikka vatn, kvar or sin brunn,

17. til dess eg kjem og tek dykk med til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druesaft, med brød og vingardar.

18. Lat ikkje Hiskia få lokka dykk når han seier: «Herren vil nok berga oss.» Har vel andre folks gudar berga sine land for kongen i Assyria?

19. Kvar er gudane åt Hamat og Arpad? Kvar er gudane åt Sefarvajim? Og kvar er gudane åt Samaria? Har dei berga landet ut or mi hand?

20. Kven var det av gudane i alle desse landa som berga landet sitt ut or mi hand? Og så skulle Herren kunna berga Jerusalem!

21. Dei tagde og svara ikkje eit ord. For kongen hadde sagt frå at dei ikkje skulle svara han.

22. Så kom slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf, med sundrivne klede til Hiskia og fortalde kva hærføraren hadde sagt.

Les hele kapitlet Jesaja 36