Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 33:14-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Syndarar skjelv ¬av redsle på Sion,angst har gripe dei gudlause:«Kven kan bu ¬ved ein øydande eld?Kven kan bu ved evige logar?»

15. «Den som ferdast i rettferdog talar det som er rett,som seier nei til vinning ¬vunnen med vald,som veiftar med handa og viserat han ikkje tek muter,stappar øyro til ¬for all tale om bloddåd,og lèt augo att ¬for det som er vondt,

16. han får bu på høge stader,bratte fjell er hans vern;han får sitt brød ¬og vantar ikkje vatn.»

17. Med eigne augo skal du skodaKongen i hans herlegdom,og du får sjå eit vidsveimt land.

18. Du skal tenkja på redsla ¬som rådde:Kvar er han som skreiv og vog,kvar er han som talde tårna?

19. Du ser ikkje lenger ¬det frekke folket,folket med ¬det vanskelege språketsom ingen skjønar,med stammande tunge ¬som ingen kan tyda.

20. Sjå på Sion,byen der vi held våre høgtider!Augo dine skal skodaJerusalem, den trygge stad,teltet som ikkje skal flyttast,med pluggar ¬som ikkje skal rivast,og snorer som aldri slitnar.

21. For der er Herren, ¬den veldige, med oss.Der skal breie elvar strøyma;men på dei skal båtar ikkje gåog stolte skuter ikkje fara.

22. For Herren er vår domar,han er vår hovding,Herren er vår konge,han frelser oss.

23. Slakt heng tauverket ¬på dine skip,det held ikkje masta på plassog held ikkje seglet utspent.Då kan folk skifta hærfang ¬i mengd,jamvel lame ranar og plyndrar.

24. Ingen borgar skal seia: ¬«Eg er sjuk.»Dei som bur der,har fått sine synder tilgjevne.

Les hele kapitlet Jesaja 33